Bildebehandling - kvar går grensa?

5.6.2011

Den gangen kamera brukte film, var sjansane til å skeie ut med manipulering av bileta relativt små. På naturfotosida avgrensa det seg stort sett til to ulike løysingar; den eine var dobbeleksponering, som regel brukt for å få månen inn på fjellbilete, og den andre var å legge to lysbilete inn i same ramma – som regel gjort for å få fine skyer som bakgrunn på bilete av flygande fuglar. Den første kravde planlegging og innsikt, den andre var som regel mislukka.

I dag har dette endra seg heilt. Bileta har blitt datafiler, og programvaren i PCen kan plukke dei frå kvarandre og setje dei saman på uendeleg mange måtar. I grunnen tar vel manipuleringa av bileta til allereie før dei har blitt tatt, ved at kameraet sine instillingar kan justerast til å ta bileta med den kontrasten, fargemetninga, skarpheita eller kornstrukturen vi er ute etter. Før måtte ein velje filmtype, og nøye seg med det.

Arbeidet med denne nettsida førte til at eg begynte å sjå med meir kritisk blikk på andre sine bilete. Og deretter på mine eigne. Dei såg litt blå og dagslysprega ut, som ein kunne vente når dei fleste av dei var tatt midt på dagen. Det pussige var at dei fleste andre bileta eg kom over på nettet tydelegvis også var tatt midt på dagen, eller vurdert ut frå solhøgde og skuggar i alle fall godt unna soloppgang og solnedgang. Likevel var lyset metta av gule og raude tonar, slik at det såg ut som fotografen hadde kjempa seg ut av dyna i halvmørket og under store strabasar tatt seg fram til det rette utsiktspunktet for å fange soloppgangen akkuat idet den farga fjella med den rette gløden. Mine eigne soloppgangar var aldri så glødande, nesten uansett kor samarbeidsvillige sola og skyene måtte ha vore.

Eg har aldri likt blåtona bilete, så eg har kvitbalansen på kameraet konstant innstilt på 6000 kelvin (”overskya”) for å få bileta litt varmare og meir i tråd med slik eg innbiller meg at lyset var da dei blei tatt. Som biolog og dokumentarist har eg ikkje hatt behov for å gå lenger enn som så. Men no har det skjedd; no har eg sett for mange gylne bilete frå andre fotografar, og da eg skjønte at det er noko så enkelt og banalt som fargemetninga som er nøkkelen, begynte eg også å bli avhengig av ein aldri så liten ”finishing touch”. Eg trudde lenge at desse folka satt og fikla med raudt, gult og oransje i Lightroom, og det gjer dei nok delvis også, men det er altså ikkje nødvendig. Det held lenge å berre ganske enkelt auke fargemetninga, og dermed kan eg også få soloppgangslys på bilete tatt klokka ti om føremiddagen!

Er dette juks? Før i tida, da vi brukte film, var terskelen for kva som blei kalt juks, svært låg. Det kom vel av at det var så få måtar å manipulere bileta på, og at det var rimeleg lett å sjå kva som var gjort. Triksing med bileta blei sett på som useriøst, og noko som nybegynnarane blei freista til, omtrent som å fotografere tamme dyr eller på andre måtar jukse med motivet før biletet blei tatt. Men ein ting var lovleg, pussig nok: Polafilter var grei skuring, sjølv om det førte til ein auke i fargemetninga og endra motivet i høve til slik det faktisk var. Effekten er den same som når fargemetninga blir justert i eit bildebehandlingsprogram. Spørsmålet blir da sjølvsagt kvifor polafilter er greit, mens justering av fargemetninga i PCen vekker meir blanda kjensler?


Utan polafilter                                                                                    Med polafilter                                                                                    Auka fargemetting i PCen

Forskjellen på dei to nærast identiske bileta til høgre over er at polafilteret må brukast før biletet blir tatt, mens etterbehandling som namnet seier kjem etterpå. Tidlegare var det slik at det du gjorde før biletet blei tatt var handverk, mens det som skjedde etterpå var oppretting av dårleg ditto. Etterarbeid var med andre ord noko som vitna om manglande innsikt, og utbetring av dårleg handverk var juks, eller noko ikkje så langt unna.

Slik er det neppe lenger. Tidlegare tiders vegring mot å tråkke over terskelen til dei enkle løysingane er - forsiktig formulert - på vikande front. Og dette er vel eigentleg ikkje så rart, med den devalueringa av enkeltbiletet sin verdi som har skjedd med overgangen frå film til bildefil. Ein måtte vere litt meir tilbakehalden med å trykke på utløysaren når ein berre hadde 36 eksponeringar til disposisjon før filmrullen måtte byttast, enn når ein har fleire hundre av dei og enkelt kan slette alt som ikkje held mål. Det er berre å mose bileta av garde, med håp om at nokre av dei blir bra. Og blir ikkje resultatet heilt som ein hadde håpa, er det alltids mogleg å fikse opp bileta litt etterpå. Tilgangen på programvare for slik oppfiksing demonstrerer i seg sjølv at terskelen for å manipulere bileta har blitt så låg at den nærast er borte. No åtvarast det ikkje lenger mot etterarbeid, det reklamerast tvert om for det med slik tyngd at det ikkje kan vere tvil blant yngre fotografar om at dette er noko som ikkje berre er fritt fram, det blir nærast forventa.

I nokre tilfelle gjer dette etterarbeidet det mogleg å vise motivet slik det faktisk såg ut, ved at det betrar på kameraet sine manglande evner til å vise lys og fargar slik auget ser dei. Dette bør jo vere greit, og kanskje til og med eit mål i seg sjølv. Det er når bilete tekne midt på dagen blir til soloppgangar at etterarbeidet begynner å ta overhand, og dei negative vibrasjonane melder seg. No er vegen svært kort til det punktet der bearbeiding blir til manipulering, og korrigering til juks. Men det reklamerast jo friskt for programvare som ikkje berre kan endre lys og fargar, men også legge til eller fjerne element i biletet, som om dette skulle vere heilt naturleg og ein integrert del av arbeidsprosessen fram mot det ferdige biletet. At eg sjølv til ein viss grad har akseptert slik bearbeiding, gjekk opp for meg ein vinter da eg sat i fotoskjulet ved foringsplassen og hadde gjort klar kameraet. I søkaren såg eg at det stakk fram ein kvist som eg ikkje hadde fått med da eg rydda vekk forstyrrande element  rundt  lokkematen. Skulle eg gå ut og fjerne den? Nei, eg kan jo fjerne den i Photoshop, tenkte eg – så slepp eg å bale meg ut, og kanskje også skremme vekk fuglar som sat og vurderte om kysten var klar. Slett forarbeid, med andre ord, som kunne bøtast på med fiksing og triksing. Eit anna argument eg fann på der og da var at eg jo var klar over problemet før bileta blei tatt, slik at det ikkje kom som ei overrasking etterpå. Eg hadde med andre ord kontroll over situasjonen, eg valde berre å ikkje gjere noko med det akkurat da.

 

 

 

 

 

 

 

 




Litt meir enn berre ein forstyrrande kvist på biletet til venstre. Problemet her var at det dukka opp ein fugl som var nokre nummer for stor, så ryddinga på førehand strakk ikkje til...

Det er altså berre å akseptere at forfallet har begynt. Kvifor har eg elles skaffa meg Photoshop? Vel, nokre ganger er det ikkje til å unngå at det dukker opp rusk på bileta om ein er aldri så grundig med forarbeidet – det er umogleg å strigle naturen slik at alle forstyrrande strå og kvistar er borte, og ein kan ikkje lære fuglane å setje seg slik at det aldri kjem eit blad mellom dei og kameraet. Men samtidig kan eg trøyste meg med at eg i det minste framleis føler eit visst ubehag ved photoshopping, og at det framleis er eit mål å ta bildet slik at det ikkje blir behov for etterarbeid. Slik må det jo bli når ein fotograferer i raw-format. Det er raw-fila som er originalen og utgangspunktet når biletet skal brukast til noko.  Helst vil ein jo sleppe å legge altfor mye arbeid i justering og korrigering, og da må raw-fila vere så god som mogleg.

Eit godt argument? Kanskje, men no er det jo ein gang slik at det ikkje er raw-filene vi viser fram når andre skal sjå bileta våre. Det hadde vore ein interessant leksjon i manipuleringsomfang dersom ein t.d. i fotokonkurransar bad om å få sjå ikkje berre dei innsendte jpeg-bileta, men også måtte få tilsendt raw-filene. Eg har ein mistanke om at mange da ville svare at dei ”fotograferer berre i jpeg”. Min konklusjon ville i så fall vere at det framleis er liv i idealet som seier at det er sjølve eksponeringa som viser kor dyktig du eigentleg er, og at bearbeiding er noko suspekt og fordekt som ein ikkje ønskjer å trekke fram i lyset. Og det trur eg i så fall at eg ville ha synest var positivt.

Men likevel er det jo slik at vi ønsker at bileta våre skal vise motivet akkurat slik det såg ut da det inspirerte oss til å ta bileta. Det er ikkje sikkert at kameraet klarer den jobben heilt åleine. Den kjensla som var der da bileta blei tatt er jo den vi ønsker å formidle vidare, men kanskje er den ikkje der når vi ser bileta på PCen etterpå. Og da kan det vel ikkje vere galt å rekonstuere motivet slik at akkurat den kjensla kjem tilbake, og gir andre sjansen til å ta del i den? Å auke fargemetninga litt, bør vere OK dersom det er det som skal til. Å justere belysning og fargar slik at både skyer og himmel kjem tilbake på plass må også vere OK, sjølv om det er ein større jobb. Det var jo trass alt ikkje ein utbrent, kvit himmel der da vi tok biletet. Og dei lyse, forstyrrande grasstråa, kvifor må dei vere med på biletet når vi ikkje eingang la merke til dei ute i naturen?

Den observante lesar vil no ha lagt merke til at eg har argumentert i sirkel og mot meg sjølv opptil fleire gonger. Konklusjonen er med andre ord klar; eg veit ikkje heilt kvar grensa går. Og det følast ikkje heilt bra…

Theme by Danetsoft and Danang Probo Sayekti inspired by Maksimer