Farvel til spetteskogen

27.6.2011

I indre Sogn ligg fleire skogområde med heilt spesielle kvalitetar. I alle fall synest hakkespettane å å setje pris på dei lokale naturtilhøva, for alle dei norske hakkespettartane utanom svartspetten er funne hekkande her. I helga var eg innom eit av desse områda for å sjå korleis det gjekk med flaggspettane som hekka i eit stort ospetre. I mine tidlegare heimtrakter ved kysten er ikkje flaggspettreir kvardagskost; der var kvitryggspett og gråspett dei vanlegaste artane, mens flaggspetten stort sett berre dukka opp om vinteren. Eit reirhol med flaggspett er derfor litt spesielt.

Denne skogen er ei blanding av furu, bjørk og osp, ganske open med lite undervegetasjon. Ospetrea er 20-30 meter høge, og mange av dei har minst eitt spettehol. Furutrea ber preg av at tretåspetten har vore på besøk, og innanfor eit relativt lite område ligg også fem hønsehaukreir som alle truleg er laga av det same paret opp gjennom åra. Eg held meg unna hauken sine område, sjølv om den truleg ikkje hekkar i år.

Flaggspettane er borte, og ingen reagerer på at eg klorer og bankar på trestammen. Ungane er nok utflogne, for det har begynt å bli seint i juni. Eg prøver heller å finne igjen eit kvitryggspettreir i nærleiken for å sjekke tilstanden der, men reiret var ikkje lagt inn på GPSen, så det må eg gje opp. Kvitryggen pleier elles å vere tidleg ute med hekkinga, så det er uansett lite sannsynleg at det framleis skulle vere ungar i reirholet. Men eg høyrer kvitryggen tromme litt lenger borte i skogen, så den er i nærleiken.

Da sit det plutseleg ein grønnspett og varslar i eit tre nokre meter unna. Mot normalt blir fuglen sitjande fullt synleg på enden av ein tørrkvist, og let meg ta nokre bilete før den kastar seg ut i lufta og seglar inn mellom trestammane. Eg følgjer etter, for i same område høyrte eg grønnspetten sist eg var her. Etter nokre få meter høyrer eg den monotone, lågmælte skurringa av fugleungar, og litt lenger fram, oppe i eit tre som eg nyleg gjekk forbi på ikkje så veldig lang avstand, ser eg eit spettehol. Lyden er knapt høyrbar på 50 meters hald, men her like ved trestammen er det ikkje tvil. Det må vere grønnspetten sitt reir der oppe. Eg har med kamera og stativ, og ein infrarød fjernstyring som fungerer opp til i alle fall 50 meter. Alt monterast raskt inntil og bak ein trestamme ti meter unna reirtreet, og eg trekk meg unna samtidig som ein av foreldra kjem til reirtreet og begynner å varsle. Ungane der inne klarer ikkje å halde kjeft trass varsellydane utanfor, så dei er nok ganske store. Eg set meg bak ein trestamme litt lenger oppe i lia og testar ut fjernstyringa mens grønspetten roar seg ned og forsvinn. Ingenting skjer, det grøne lyset som skal blinke når eg trykk på knappen verkar ikkje. Eg rettar sendaren mot kameraet langt der borte og lytter så godt eg kan i virvaret av lydar frå bokfink, fluesnappar, lauvsongar, rødstrupe og gulsangar. Ikkje noko klikk å høyre, men avstanden er litt for lang. Eg går ned mot kameraet mens eg trykker igjen. Ingenting. Batteriet må vere utlada, og eg tar ei rask avgjerd om å prøve på anna vis; tar av meg jakka, legg ho oppå kameraet og kryp inn under. Kameraet er montert på Olympus sin gamle 300 mm, som dermed får status som 600 mm ettersom det ikkje er film, men ein 4:3 sensor som sit i kameraet. Fokus må ordnast manuelt, eg filar litt fram og tilbake for å få skarpheita til å legge seg nøyaktig i underkant av reirholet.

Så sit eg der. Eg fekk ikkje plassert høgrefoten heilt ideelt, men no høyrer eg at ein av grønspettane er i nærleiken og må sitje stille. Varsellydane kjem frå høgre, så blir det stilt ei stund før dei kjem meir frå venstre. Eg ser berre reirholet gjennom søkaren, tør ikkje eingang flytte hendene opp til kameraet i fall det skal synast der ute frå. Det blir stilt utanfrå, truleg er fuglen usikker på om det er fare på ferde. Høgrefoten min er plassert på noko hardt, men eg kan ikkje flytte han. Det prikkar i ankelen og oppover leggen som om beinet er i ferd med å somne bort. Men der høyrer eg at grønspetten kjem tilbake, og no begynner ungene i treet å mase høgare. Foten er gløymt, no er det om å gjere å løfte hendene sakte opp til posisjonane sine på stativhandtaket og utløysaren.

Der heng med eitt grønspetten på trestamma ved sidan av reirholet. Den ser seg rundt, men berre no og da ned på meg. Så lenge eg kan sjå fuglen i søkaren og veit at han ikkje ser på meg, kan eg bevege hendene litt friare og raskare - berre eg sit heilt stille når blikket kjem denne vegen. Fokus må justerast litt, ein peikefingar lirkast sakte utanfor kanten på jakka som heng over meg. Der er fokus filt på plass, og eg ber fuglen stilt om å bli sitjande til eg har fått peikefingaren på plass på utløysaren.

Grønspetten fraktar ikkje maten i nebbet slik som dei svartkvite spettane, men nede i kråsen. No må maten gulpast opp, og ned i nebbet på ungen som stikk det flekkete hovudet sitt ut av reirholet. Ungen svelgjer unna, men er ikkje nøgd enno. Den vaksne krøkar halsen og gulpar opp mat endå ein gang, og trykkjer det ned i halsen på ungen. Så ein gang til, og endå ein. Så er det tomt. Grønspetten flyg vekk, og ungen trekk seg inn i reirholet. Eg ser for meg korleis den arbeider seg ned i den trange botnen av hulrommet mens ein av søskena krafsar seg fram og opp mot reirholet for å vente på sin tur.

To gangar til blir ungane mata mens eg sit der. Så får omsider høgrefoten strekt på seg; eg trekk jakka av kameraet og reiser meg, samlar saman stativ og kamera og humpar stiv og støl bort gjennom blåbærlyng og bregner for å kome meg usett vekk før foreldra er tilbake med neste porsjon.

 


 

Om ti-tjue år vil denne skogen vere øydelagt, og spettane borte. Mange små granplantar er i ferd med å spreie seg utover skogbotnen frå eit lite plantefelt i nærleiken. Dei store grantrea blei planta ut for førti-femti år sidan som ei tynn rad grantre, sikkert i ei eigedomsgrense, men etter fleire tiår med passivitet har trea no begynt å setje frø. Det same er i ferd med å skje over heile Vestlandet: Grantrea, som ikkje skulle kunne setje frø på våre kantar, har plutseleg begynt å gjere akkurat det. Overalt. Frå små plantefelt høgt oppe i liene spreier frøa seg ut over kvadratkilometer med dalføre, og fleire og fleire små granplantar sprett opp i edellauvskog, furuskog, ospeholt og kulturlandskap. Grantrea blir store, dei skuggar ut den naturlege vegetasjonen, og det som var der før, døyr. Rike skogområde med hekkande fuglar på tal med det ein finn i tropisk regnskog, vil etter kvart bli erstatta av tette, mørke granfelt utan stort anna enn mose på den barnålbrune bakken. Allereie som følgje av den første bølga av utplanta gran i vestlandske monokulturar har hundretusenvis av fuglar forsvunne, men det er ingenting mot det som kjem no når plantegranene har begynt å spreie seg på eiga hand. Eg drar opp dei minste granplantane med rota, men dei er overalt, og mange har allereie blitt for store til å dra opp.

Det finst ingen offisielle eller uoffisielle strategiar for kva ein skal gjere med grana som spreier seg raskt og ukontrollert på Vestlandet. Skogforvaltinga arbeider framleis i sine gamle spor, tilsynelatande på rein automatikk med å få planta ut endå meir; nokre av forvaltarane nektar tilogmed på at grana faktisk frør og spreier seg...

Kampen er tapt. Grana kan vekse opp i mørk skog, og vekse tett. Dei andre treslaga våre døyr av lysmangel under slike tilhøve. Det vil vere umogleg å snu denne utviklinga. Skogen på Vestlandet vil om få tiår vere endra fullstendig, og utarminga av det biologiske mangfaldet vil skje i eit tempo vi aldri før har sett. Eg kan framleis oppleve dei mest artsrike skogane i landet, men for neste generasjon på min alder vil dei vere skrumpa inn til flekkar i ein ørken av gran.

Det er eit stort ansvar dei har på seg, dei som har lokka med tilskot for å få folk til å plante ut gran på Vestlandet, og fått skuleklassar til å gjere det same; dei som framleis pressar på for å få endå meir gran opp i liene, og som bles av at grana no invaderer stølsvollar og gammalt kulturlandskap, øydelegg naturskogen og det artsmangfaldet som politikarane for nokre år sidan bestemte at vi skulle stanse tapet av før 2010 var ute. Det gjekk som kjent ikkje, for det er pengane som rår.

Theme by Danetsoft and Danang Probo Sayekti inspired by Maksimer