Naturfotografenes bidrag til å ta vare på det biologiske mangfaldet

28.8.2011

I den siste tida har eg stått tidleg opp, før sola har kome over fjella og varma opp nattedoggen, og reist opp til eit lite tjern for å fotografere augestikkarar på nært hald. Midt på dagen er dei for aktive og oppmerksame til at det er mogleg å kome nær innpå dei, men i dei kjølige morgontimane sit augestikkarane i vegetajonen rundt tjernet og ventar på solvarmen. Så sant eg finn dei i sivet, er det mogleg å stille opp stativ og kamera med makroobjektivet heilt opp i fjeset på dei utan at dei kan gjere stort med saka, og i alle fall ikkje stikke av. Dei sit der, dekte av doggdråpar, og kan ikkje gjere stort før kroppstemperaturen har stige ganske så mange gradar. Berre dei små blå vannymfene viser at dei oppfattar kva som skjer, for kjem ei hand for nær, svingar dei til sida som eit flagg som endrar retning i vinden. Men meir enn det blir det ikkje. Ein svært så givande situasjon for fotografen, og eit sjeldant høve til å få studere nokre av naturen sine flyktige organismar på svært nært hald.


 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Eg bur i ein bratt kommune. Så bratt at det knapt finst vatn, dammar eller tjern, og i alle fall ikkje nede mot fjorden der folk bur. Tjernet med augestikkarane ligg i 415 meters høgde, og den lågaste vassførekomsten i kommunen av stilleståande type er ein dam 290 meter over fjorden. Så det er tronge kår for organismar knytt til stilleståande vatn på desse kantar. Så tronge at alle desse sjeldne naturtypane burde vore sikra eit visst vern mot tilfeldig øydelegging. På ei myr som grensar inn mot augestikkartjernet ligg ein stabel bildekk som truleg skriv seg frå skiløypeaktivitet i området, og om det ikkje var for at ungar går på skøyter på tjernet om vinteren hadde det sikkert vore fylt igjen for lenge sidan.

Å verne eit område som naturreservat eller liknande etter naturmangfaldlova er ein langdryg prosess som ikkje blir starta opp utan vidare, og da skal det vere snakk om heilt spesielle verdiar som går ut over det lokalt uvanlege. Men å gå så drastisk til verks er heldigvis ikkje nødvendig. For å ta vare på det biologiske mangfaldet blei det på slutten av 90-talet starta opp eit arbeid med å kartlegge viktige naturtypar i alle kommunane i Norge. Arbeidet blei gjort etter Direktoratet for naturforvalting si handbok 13, som fortel kva slags naturtypar som er spesielt viktige for det biologiske mangfaldet, og korleis kartlegginga skal gjennomførast. Slik kartlegging er no gjort i dei aller fleste kommunar, og kart med lokalitetsomtalar er tilgjengelege både i kommunane og ope for alle på internett. Dermed kan planleggarar, grunneigarar og andre på eit tidleg stadium i ein planprosess finne ut kvar det finst viktige, artsrike eller uvanlege naturområde, og unngå å skade desse. Områda kallast prioriterte naturtypar, og er klassifiserte som A, B eller C-område. A er svært viktige område av nasjonal verdi, og er anten sjeldne naturtypar eller område med raudlista artar. B er regionalt viktige område, av utforming eller med artsinnhald litt mindre spesielt enn A-områda, mens C er lokalt viktige område. Her er det ikkje funne sjeldne raudlista artar, men lokalitetane er gjerne naturtypar som er uvanlege i kommunen. Status som prioritert naturtype kan vere avgjerande for området si framtid: Fylkesmannen får dei fleste arealplaner, reguleringsplaner og dispensasjonar frå slike planer til gjennomsyn frå kommunane, og dersom A- eller B-område blir berørte, kan det ende med innsigelse mot planane.

Kart og skildring av prioriterte naturtypar finn du i Direktoratet for naturforvalting sin Naturbase, eller på fylkesmennene sine nettsider. Augestikkartjernet "mitt" er ikkje blant dei registrerte. Dette kan skuldast at biologane som har kartlagt kommunen anten ikkje har funne tjernet interessant, eller - og dette er viktig - dei har ikkje vore på staden. Det siste er ofte tilfelle, for innleigde konsulentar rekk ikkje over alt, dei studerer kart, flyfoto og skriftlege kjelder, og ut frå det dei finn der leiter dei seg gjennom lovande område. Men tida er knapp og pengane likeså, og i mange tilfelle blir prioriterte naturtypeområde avgrensa utan at dei er på staden, men med hjelp av omtale i eldre skriftlege kjelder og flyfoto.

Så det er absolutt mogleg å finne nye viktige naturtypar ut over dei som allereie er registrerte, og både DN, fylkesmennene og kommunane er interesserte i å få inn opplysningar om slike. Det er fylkesmannen si miljøvernavdeling som har ansvaret for å kvalitetssikre data før dei blir lagte inn i Naturbasen, så det greiaste er nok å kontakte dei. Men kva kan kvar enkelt av oss gjere for å finne fram til nye, ikkje-kartlagte område? Dei færraste av oss er biologar med ekspertise når det gjeld torvmosar, beitemarkssopp, insekt eller karplantar. Derimot er naturfotografar mye utandørs, dei har ofte god kjennskap til artsrike område, og ikkje minst kan dei med kameraet dokumentere både naturtypar og artsmangfald. Eg trur tjernet mitt er verdig i alle fall ein C-verdi i ein kommune der dammar og tjern er sjeldan vare, og det er relativt enkelt å setje ei grense rundt tjernet og myrene inntil det. Etter DN-handbok 13 kan lokaliteten kategoriserast som typen "Naturlig fisketomme innsjøer og tjern". Skulle det dukke opp ein raudlista art eller to, kan verdien av lokaliteten auke betrakteleg. Så langt har eg berre funne to augestikkarartar, som begge relativt lett let seg artsbestemme med hjelp av bilete på ulike nettstader. Dei to er vanleg blå vannymfe, Coenagrion hastulatum, og vanleg augestikkar Aeshna juncea. Begge er ganske vanlege artar utan raudlistestatus, men dersom eg går laus på botanikken eller kanskje tilogmed håvar opp nokre av dei insekta som finst nede i vatnet, dukkar det kanskje opp noko meir spennande. Skulle det dukke opp artar som på den norske raudlista er kategorisert som sårbar, truga eller kritisk truga, blir det automatisk A-verdi på området. Nær truga artar gir B-verdi.

Lenker til nettsider som kan brukast til artsbestemming har eg begynt å samle på denne sida. Eg tar gjerne imot tips om liknande nettsider, send ei melding til tore-larsen@tele2.no. Har du funne fram til rett art, kan raudlistestatus sjekkast på Artsdatabanken sin artsportal. Dersom du er i tvil om arten, men har eit bra bilete, kan du sende det til nettsida spør ein biolog. Der får du svar på det meste.

 

Etterskrift:

Etter å ha skrive dette, studerte eg DN-handbok 13 nærare. Der står det mellom anna følgjande om "Naturlig fisketomme innsjøer og tjern", kategori E10:

"Omfatter myrtjern samt mer eller mindre høyereliggende innsjøer som pga. spredningshindere eller uegnete forhold for reproduksjon er naturlig fisketomme, og hvor det heller ikke ha vært satt ut fisk. Karakterisert av større arter av bunndyr og dyreplankton som ikke greier seg med fisk tilstede (...) Hvorfor er naturtypen viktig? Naturtypen inneholder sjeldne samfunn av bunndyr og plankton som er særlig følsomme overfor fiskepredasjon. Trusler/sårbarhet: Fiskeutsetting - Denne typen vannforekomster har etterhvert blitt sjelden og sårbar pga. utsetting, og enkelte arter tilpasset fisketomme lokaliteter er blitt truet på regional/nasjonal basis."

Under Viktige utforminger kan vi lese at dette gjeld "Høyereliggende innsjø av ulik utforming (oftest over tregrensa)" og "Små myrtjern og myrpytter uten egnede gytebekker". Det siste stemmer som hånd i hanske, men selve rosinen i pølsa dukker opp under Avgrensing og prioritering: "Viktig: Alle dokumentert fisketomme lokaliteter i regioner i nemoral, boreonemoral og sørboreal sone."

Ein rask sjekk på nettet avslørte at nemoral sone er eikeskogbeltet på Sørlandet og at boreonemoral sone er ein vegetasjonssone med edellauvskog, anna lauvskog og barskog langs kysten av Sør-Norge og rundt Oslofjorden. Eller med andre ord skogliene i Sogn og Fjordane, der tjernet mitt ligg... "Viktig" i DN-handbok 13 betyr verdi B, så tjernet sin manglande eksistens i Naturbasen skuldast rett og slett at det aldri har blitt kartlagt! Biologane fann det ikkje da dei var innom kommunen, og dermed fekk det ikkje den statusen det skal ha - Prioritert naturtype Naturlig fisketomme innsjøer og tjern, verdi B, regionalt viktig. Fylkesmannen har allereie fått saken på bordet for innlegging i Naturbasen!

Kanskje kan det bli verdi A også ein dag, når eg berre får studert området litt nærare...

Theme by Danetsoft and Danang Probo Sayekti inspired by Maksimer