Fjellreven er tilbake!

14.9.2011

Norsk natur er relativt fattig på dyreliv. Som vestlending er eg i tillegg fråteken retten til å oppleve store rovdyr ute i naturen, i alle fall i min eigen natur. Skal eg få ekte naturopplevingar i intakte økosystem må eg derfor ut av eigen landsdel. Etter kvart har det blitt lenger og lenger å reise, og kjensla av at vi har mista noko grunnleggande har blitt meir og meir påtrengande med åra. Natur utan rovdyr? Fjell utan lemen, fjellrev og snøugle? Norsk natur har blitt til kulissar, relativt livlause kulissar, der bøndene sender sauene sine ut for å klare seg som best dei kan gjennom sommaren, og der uendeleg mange jegerar skal køyre dei like mange firehjulstrekkarane sine heilt til endes på fjellvegane for å tyne småviltbestandane til det ytterste - og deretter undre seg over kvifor det er så lite rype å sjå.

Men heldigvis finst det nokre lyspunkt i galskapen. Eit av dei aller største har eg heller ikkje trengt å reise så veldig langt for å oppleve. Fjellreven, som heldt på å bli utrydda av jakt på 30-talet og etter det har balansert på randa av utrydding her i landet, har i år omsider fått ein vellukka forplantingssesong og er tilbake i fjellområde den har vore borte frå i mange år. Eg trudde knapt mine eigne auge da eg las at det blei fødd ikkje mindre enn 270 fjellrevkvalpar ute i norsk natur i sommar. Rett nok er om lag 120 av desse fødde av dyr som er sett ut i naturen frå avlsstasjonen for fjellrev i Oppdal, men dette i seg sjølv vitnar om endå fleire gjennombrot i arbeidet med å berge fjellreven. For det første har det lukkast å få innfanga revar til å forplante seg i fangenskap - noko som ikkje er sjølvsagt, og for det andre har mange av ungdyra som er sett ut i fjellet overlevd overgangen til å klare seg sjølv i det fri - noko som slett ikkje er sjølvsagt, og ikkje minst har desse utsette dyra begynt å forplante seg - noko som truleg er på kanten av det ein kunne håpe på.

Ein viktig grunn til suksessen i fjellet i år er dei formidable lemenbestandane. Det har knapt skjedd tidlegare at det har vore lemenår i nesten alle fjellområde i landet på same tid, for vanlegvis er slike oppblomstringar lokale. Dessutan er det ti år sidan det siste store lemenåret i Sør-Norge. Tidlegare toppa lemenbestandane seg meir eller mindre regelmessig med 4-5 års mellomrom, men regelmessigheita tok slutt på 1980-talet utan at ein heilt veit kvifor. Seinare har det berre vore lemen å sjå med høgst uregelmessige og lange mellomrom, inntil i år. Rett nok strauk lemena med i mange fjellområde ganske tidleg på sommaren, truleg på grunn av rask og valdsam snøsmelting, men i nokre område heldt dei det gåande gjennom heile sommaren.

Som nemnt må vi vestlendingar ut av vår eigen landsdel for å få oppleve intakt og levande fjellnatur, og det var på ei av desse utferdene at eg fekk årets store oppleving. Eg hadde ikkje sett fjellrev på 16 år da ein av dei plutseleg dukka opp i kikkerten, og eg skal ikkje eingang forsøke å skildre korleis gjensynet arta seg for min del. Fjellreven låg samankveila og slappa av i kveldslyset på ein haug omgitt av myr og små vatn, eller med andre ord i godt lementerreng. Eg fekk lov å kome ganske nær innpå, og truleg har det vore eit ungdyr.











 

 

 

 

Det er berre å ta av seg hatten og gratulere folka bak Norsk Institutt for Naturforsking sitt fjellrevprosjekt. Dei første framavla fjellrevane blei sett ut i 2007, og i fjor fødde fem av desse dyra for første gang kvalpar i det fri. Matstasjonar ute i terrenget var truleg viktige faktorar bak produksjonen av 39 kvalpar i dei fem kulla. I år hjalp lemenet godt til, og bidrog sterkt til resultatet på 14 kull og minst 118 kvalpar frå utsette fjellrevar. Truleg har det ikkje blitt fødd så mange fjellrevar i Norge på over hundre år. Det blir spennande å sjå kva som skjer i åra som kjem, for da må fjellrevane klare seg utan lemen. Men i år kan vi i alle fall ønske både lemen og fjellrev velkommen tilbake i fjellheimen!

Theme by Danetsoft and Danang Probo Sayekti inspired by Maksimer