Litt om rovdyr og sau

17.9.2011

I det forrige innlegget mitt skreiv eg nokre ord om norsk natur som kulisser; at den mangla store rovdyr og slik sett berre er ei fattig tilnærming til dei økosystema som ein gang eksisterte. Dette fekk meg til å fundere litt meir over dei faktiske grunngjevingane for den norske rovdyrpolitikken. Kva er til dømes den praktiske grunngjevinga for at Vestlandet ikkje skal ha ynglande bestandar av dei store rovdyra? Den direkte forklaringa er at politikarane har bestemt at husdyr på beite skal ha prioritet framfor rovviltet i denne regionen, men for å forstå kvifor dette er gjort, har eg funne fram diverse tal som eg vil presentere utan særleg mange kommentarar. Dei får tale for seg, så får kvar og ein vurdere om tal og tiltak heng logisk saman.

748 862 sauar og lam blei sleppt på utmarksbeite i dei fire vestlandsfylka i 2008.

32 245 av desse dyra gikk tapt.

3 823 av desse blei det søkt om rovvilterstatning for.

2 300 av søknadane om rovvilterstatning blei innvilga.

Statistikken opplyser dessverre ikkje kor mange dyr i kvart fylke som blei dokumentert tatt av rovdyr, men den seier at det på landsbasis blei dokumentert at 2000 sau blei tatt av rovdyr i 2008. Det same året var det samla tapet av sau på utmarksbeite i heile landet 115 194 dyr. Dette betyr at ein kunne dokumentere at 1,74 % av sauane som gjekk tapt på beite i 2008 var tatt av rovdyr. Dersom den same prosentdelen gjeld på Vestlandet som elles i landet, betyr dette at

561 sauar blei dokumentert tapt til rovdyr i dei fire vestlandsfylka.

Prosentrekning
Dei fleste sauerasar er avla fram med hovudvekt på ull- og kjøtproduksjon, og samanlikna med det mest sannsynlege opphavet til våre sauar, muflonen (Ovis musimon), er dei relativt dårleg tilpassa det terrenget dei ferdast i når dei er på fjellbeite. Dette gjeld både evnen til å ta seg fram i terrenget, til å velge eigna næring og å unngå skade. Tapsårsakene for sau på utmarksbeite er derfor mange, frå angrep av flugemakk, forgifting (giftige plantartar som t.d. rome), at dei går seg fast, ramlar utfor stup, brekk beina i ulendt terreng o.a.

Dei 32 245 dyra som omkom på utmarksbeite på Vestlandet i 2008, utgjer 4,3% av sauene som blei sendt på utmarksbeite.

Det blei gitt rovvilterstatning for 2300 av desse, noko som betyr at det er "meir enn 50% sannsynleg" at dyra er tatt av rovdyr. Dette utgjer 7,1% av sauene som omkom på utmarksbeite på Vestlandet.

Tap som kunne dokumenterast til rovdyr, utgjorde som nemnt truleg 1,7% av alle dei tapte sauene.

Tar vi utgangspunkt i at det reelle talet på sauar tapt til rovdyr ligg ein stad mellem det dokumenterte talet og talet for utbetalt erstatning, døydde mellom 98.3 og 92,9% av sauane som gjekk tapt på utmarksbeite på Vestlandet i 2008 av andre årsakar enn rovdyr. Og dersom vi trekk frå alle sauar det blei søkt rovvilterstatning for, døydde 88,1% av dei omkomne sauene av sjukdom og skade i beiteområda.

 

Kjelde: Rapport fra nasjonalt beiteprosjekt 2009

 

Theme by Danetsoft and Danang Probo Sayekti inspired by Maksimer