Retningslinjer for manipulering av naturfoto?

11.12.2011

Diskusjonen om manipulering av fotografi er nesten like gammal som fotografiet sjølv. I fjor haust fekk den negative tydinga av ordet "manipulering" svært brei merksemd i naturfotomiljøet (og utanfor), og naturleg nok blei det her og der pusta støv av ulike framlegg til etiske reglar for manipulering av bilete som har lagt og støva ned sidan sist debatten var oppe. Men særleg konkrete framlegg er enno ikkje lagt på bordet - og blir det kanskje ikkje denne gangen heller. For sjølv om det har kome nokre tilløp til konkretisering med ujamne mellomrom opp gjennom naturfotohistoria, har vel stort sett lufta gått ut av ballongen før den har klart å lette frå bakken. Truleg skuldast dette at manipulering for det første er eit ubehageleg emne å diskutere fordi det gjeld så mange av oss - og for det andre går den tekniske utviklinga så fort at nye bølgjer med mulegheiter for justering av digitale bilete veltar over oss før vi er ferdige med fintenkinga etter forrige runde.

Eg skumma litt rundt på nettet i kjølvatnet av hauststormen om bildemanipulering, og fann som venta ikkje stort om retningslinjer knytt til naturfotografering. Det næraste og kom var eit sett reglar for det utmerkte magasinet Natur & Foto sin Nordic Nature Photo Contest 2012: Bildene skal gjengis mest mulig naturtro, slik det var under opptaket. Det må opplyses om montasje (sammensetting av flere bilder), multieksponering og dobbelteksponering, eventuelt store endringer i Photoshop. Å fjerne eller legge til naturelementer, eksempelvis dyr, deler av dyr, planter, skyer, snøvær etc. er ikke tillatt.

Enkelt og greitt. Men er det kanskje for enkelt?  I hovudsak seier reglane a) at det ikkje er lov å legge til eller fjerne element i biletet, og b) at alle andre endringar er det opning for, så lenge ein ikkje tøyer strikken for langt. Kor langt strikken kan tøyast, må vurderast frå bilete til bilete av ein jury. I ein konkurranse er jo dette greit, for da har ein jo alltid ein jury å støtte seg til, men overføringsverdien til dagleglivet er dessverre ikkje så stor. Ingen jury der, og dermed er vi like langt når det gjeld det evige problemet med kor langt vi kan gå med dei "trinnlause" endringane i bileta våre: Når har vi køyrt fargemetninga for langt? Når har vi tona ned lyset i himmelen for mye? Når har vi gått for langt i å framheve raudfargane?

Retusjering: endring av realitetar og devaluering av arbeidsverdi
Tanken om å forby å legge til eller fjerne element i biletet, er derimot svært konkret. I praksis betyr dette eit forbod mot bruk av Clone Tool (for å halde oss til Photoshop-terminologi), mens alle andre verktøy i prinsippet kan vere ok. Natur & Foto sine konkurransereglar liknar slik sett, i alle fall i det aller mest grunnleggande, på reglane til det internajonale nyheitsbyrået Reuters, som er å finne på nettet under tittelen The use of Photoshop, med følgjande oppsummering:

ALLOWED:                                                    NOT ALLOWED:
Cropping                                                        Additions or deletions to image
Adjustment of Levels to histogram limits           Cloning
Minor colour correction                                    Healing tool (except dust)
Sharpening at 300%, 0.3, 0                             Airbrush, brush, paint
Careful use of lasso tool                                  Selective area sharpening
Subtle use of burn tool                                    Excessive lightening/darkening
Adjustment of highlights and shadows              Excessive colour tone change
Eye dropper to check/set gray                         Auto Levels
                                                                     Blurring
                                                                     Eraser tool
                                                                     Quick Mask
                                                                     In-camera sharpening
                                                                     In-camera saturation styles

Desse reglane er sjølvsagt mye meir detaljerte enn retningslinjene frå Natur & Foto, men hovudprinsippet er i stor grad det same: Ein del forsiktig bearbeiding av fargar og lys er akseptabelt, mens "retusjering" ikkje er det. Dette blir relativt utvetydig fastslått allereie i innleiinga til Reuters: Materially altering a picture in Photoshop or any other image editing software will lead to dismissal.

Denne usedvanleg klare meldinga frå Reuters må sjåast på bakgrunn av at pressebyrået nokre månader tidlegare hadde sendt ut frilans-bilete frå eit israelsk angrep på Beirut som viste seg å vere fiksa på.

Men Reuters er eit nyheitsbyrå som formidlar pressebilete, og det er kanskje ikkje rimeleg å stille same krav til eit naturfoto som til eit pressefoto. Eit nyheitsbilete skal formidle ei hending, og bør gjere dette mest mogleg objektivt. Elementa i eit pressebilete kan i prinsippet få historiske, politiske eller rettslege følgjer, og bør derfor i utgangspunktet ikkje endrast på. Eit naturbilete er ofte tatt av heilt andre grunnar, og har andre funksjonar. Sjølv fotograferer eg natur fordi eg ønskjer å formidle ideen om at naturen må vernast om, ved å vise kva det er vi er i ferd med å øydelegge. Gjennom jobben som "naturvernar" veit eg at det er svært mange der ute som veit svært lite om naturen, om naturtypar, artar og prosessar, om økologi og samanhengar, og jo fleire ein kan få opna augene på, jo betre. Er iaugnefallande naturfoto eit middel til å oppnå dette, ja, så må folk få iaugnefallande naturfoto. Gjer eit bilete av ein sidensvans ein betre jobb dersom forstyrrande kvistar blir fjerna, så burde eg med andre ord fjerne dei.

Men fullt så enkelt er det dessverre heller ikkje. Eg er meir biolog enn fotograf, og samlar- og dokumentasjonstrangen kjem rett som det er i konflikt med ønsket om å formidle rein naturentusiasme (for ikkje å seie naturpropaganda). Magefølelsen er derfor ikkje god når eg ser eit vakkert bilete som er vakkert fordi fargemetninga er justert så langt at det knapt er mogleg for folk å få oppleve eit liknande syn med eigne auge. Eg veit også kor mye arbeid som kan ligge bak å oppnå eit portrett av ein sky dyreart, så omsynet til andre fotografar som arbeider med det same tilseier at ein ikkje skal tillate seg enkle løysingar. Dette er rein marknadsøkonomi: Blir tilbodet av ei sjeldan vare for stort, synk verdien av den same vara, og innsatsen til dei som verkeleg legg tid og pengar i å framskaffe "ekte vare" blir kraftig devaluert. Retusjering og anna bearbeiding utløyser derfor sterke motførestillingar hos mange, for den devaluerer arbeidsinnsats som kan vere svært omfattande.

Grunnen til at vi likevel ikkje har klart å finne fram til klare reglar på dette feltet, er (trur eg) at dei fleste likevel innser at det belasta ordet retusjering har mange fasettar. Heller ikkje her er det alltid snakk om ja eller nei, men kvar vi skal sette grensene for kva som er greit langs ein meir eller mindre trinnlaus skala (lik den vi finn for t.d. fargejusteringar). Retusjering med det "forbodne" kloneverktøyet er ikkje eintydig på feil side av streken, for det er neppe nokon som har motførestillingar mot å fjerne flekkar på eit bilete som skriv seg frå rusk på bildesensoren. Støvflekkar som skriv seg frå objektivet tillet til og med Reuters at vi fjernar, men så spørs det da, om den forstyrrande, uklåre flekken på himmelen er sensorrusk eller ein måse ute av fokus? Etter mitt syn er dette to sider av same sak: Kan ein ikkje sjå om ein forstyrrande flekk er ein teknisk artefakt eller ein del av motivet, er det ingen grunn til å behandle dei ulikt.

Kva er poenget?
Vi er no i ferd med å krysse den forbodne retusjeringsgrensa utan å gjere noko som nokon vel eigentleg reagerer på. Kanskje kan vi gå enda lenger? Eg vil ikkje bruke så mye meir plass på å diskutere kor langt ein kan gå, men heller føreslå at når ein vurderer kva side av grensa ein er på, kan ein spørje seg kva er poenget? Eigentleg er det to spørsmål: Kva er poenget med å gjere den aktuelle retusjeringa, og kva er poenget med å nekte ei slik retusjering? I svært mange tilfelle vil svaret på det første spørsmålet vere at ein ønsker å fjerne forstyrrande element i biletet. Eit svar på det andre spørsmålet er vanskeleg å gi utan å sjå biletet før og etter. Men eg vil tru at i mange tilfelle er det rett og slett ikkje noko poeng i å avvise retusjering: Bildet blir betre, men det manglar ingenting, og lyg ikkje om noko.

Akseptabelt? På biletet til høgre er det fjerna eit uskarpt strå, og i tillegg er biletet kutta i underkant for å få vekk ein lys flekk (eit anna strå) nede til venstre. Seier det venstre biletet noko som det til høgre ikkje formidlar? Lyg det høgre biletet? Er det akseptabelt å fjerne eit forstyrrande element ved å skjere vekk delar av biletet, dersom det ikkje er akseptabelt å fjerne eit anna forstyrrande element ved retusjering?

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 
Om eg skal forsøke å antyde svar, må det bli noko slikt som at NEI, det eine biletet formidlar ikkje noko anna enn det andre. Det høgre biletet fortel rett nok ikkje at det stakk opp eit strå til side for augestikkaren, men dette er etter mitt syn ikkje vesentleg informasjon så lenge bileta ikkje gir grunnleggande ulike inntrykk av miljøet augestikkaren oppheldt seg i. Svaret på det siste spørsmålet burde vel i utgangspunktet også vere nei, dersom ein meiner at det ikkje er akseptabelt å fjerne noko må vel det gjelde uansett kva metode som er brukt. Men da kjem vi opp i ein håplaus situasjon, ettersom kamerasøkaren er til nettopp for at vi skal kunne velge kva vi vil ha med på biletet. I praksis koker spørsmålet ned til følgjande: Dersom formatet på søkerbiletet, brennvidda på objektivet eller mangel på støvlar gjer at vi ikkje får utelukka forstyrrande element som vi ikkje hadde fått med dersom vi hadde eit anna format, ei lenger brennvidde eller kunne gå nokre steg lenger til høgre, er det ikkje da greit om vi fjerner dei forstyrrande elementa i PCen? Og kvifor er det eventuelt greiare å fjerne dei gjennom å skjere vekk delar av biletet enn å retusjere dei vekk?

På kanten? Her er det gjort meir retusjering enn på augestikkarbiletet, men i prinsippet formidlar framleis dei to bileta den same bodskapen: Sidensvansen er den same, lyset er det same, vinteren er den same - det er berre talet på kvistar som er endra. Det venstre biletet gir kanskje ei betre framstilling av korleis ei gjennomsnittleg svarthyllgrein ser ut, men det er heller ikkje uvanleg med skrinnare greiner som den til høgre.

 

 

 

 

 

 

 

 

 



 
For meg ser det ut som dei to bileta formidlar det same om sidensvansen og miljøet den held til i. Forskjellen er at det eine biletet er betre fordi det ikkje er så mange forstyrrande element i det. Kanskje koker motstanden mot retusjering ned til akkurat det med betre bilete; at vi ikkje vil unne andre fotografar betre bilete enn det dei reelt sett har tatt? Og for vår eigen del, at vi ikkje vil gi oss sjølv urettferdige fordelar - kombinert med uvilja mot å utsetje oss for andre sin harme over noko som er meir eller mindre alment ansett som tvilsamt?

Over kanten? Eg finn ikkje i farten bilete i eige arkiv som eg sjølv meiner er "over kanten" når det gjeld retusjering, kanskje med unntak av dette quetzal-biletet frå Costa Rica. Her har samlaren og dokumentaristen fått eit ettertrakta bilete, men fotografisk er jo ikkje originalen til venstre stort å samle på. Dette biletet skal berre dokumentere korleis ein quetzal ser ut - og slik sett er ei grein tvers over fuglen lite ønskeleg. Den er derfor "flytta bak" ved å kopiere inn og delvis nyteikne fuglen oppå greina. Biletet er også gjort lysare (noko som er rekna som OK, utan at eg skjøner kvifor det er så uproblematisk), og så er quetzalen sine grøne, metalliske fjør gjort meir grøne og metalliske. Det retusjerte biletet gir slik sett eit langt "sannare" bilete av korleis  quetzalen faktisk såg ut enn originalen.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Er retusjeringa dermed akseptabel? Svaret må truleg bli NEI, sjølv om eg ikkje utan vidare kan seie kvifor. Det er ikkje noko i biletet som ikkje var på staden da biletet blei tatt, men samtidig er det lagt til nytt som ikkje var synleg på biletet i utgangspunktet. Og dersom ein skulle godta dette, må ein kanskje godta det meste? Eller kanskje ikkje? Truleg er det "urettferdighetsmotivet" som slår inn igjen: Eg skulle eigentleg ikkje hatt biletet til høgre, for eg klarte ikkje å få tatt det på den måten. Prøv igjen, og håp på at fuglen er meir samarbeidsvillig neste gang...

Trinnlause justeringar: OK, eller like ille?
Noko av det første som slo meg da eg begynte å lese naturfoto-nettsider både her hjemme og ute i verden, var kor vanleg det er å manipulere bileta sine med endringar i fargar, lys, kontrast og andre trinnlause justeringar - og kor ubeskjedent mange går til verks. "Solnedgang heile døgnet" ser ut til å vere eit mål for enkelte, og ikkje blir det lagt skjul på heller. Nokre nettsider skildrar i detalj korleis ein kan få skikkeleg smell i fargane, så akkurat denne forma for manipulering ser ut til å vere akseptert i naturfotomiljøet. Dette forundra meg ein heil del til å begynne med, for fleire av dei før-og-etter-bileta som blei vist fram laug jo langt meir enn bilete der strå og kvistar var retusjert vekk. Det kan sjå ut til at det viktigaste i eit bilete er dei fysiske bildeelementa. Desse må vere på plass og skal ikkje endrast på, mens det ikkje er så nøye med at fargane er dei rette. Er det arven frå eit århundre med svartkvittbilete som er med og definerer verdivalet vårt her?

Dei tidlegare omtalte reglane til Natur & Foto sin Nordic Nature Photo Contest ser ut til å vere godt fundamenterte i denne tradisjonen: Bildene skal gjengis mest mulig naturtro, slik det var under opptaket. Det må opplyses om montasje (sammensetting av flere bilder), multieksponering og dobbelteksponering, eventuelt store endringer i Photoshop. Å fjerne eller legge til naturelementer, eksempelvis dyr, deler av dyr, planter, skyer, snøvær etc. er ikke tillatt. Eller med andre ord: Retusjering er ganske enkelt ikkje lov, mens "andre store endringar i Photoshop", dvs. trinnlause endringar i farge og lys, berre er noko ein må opplyse om.

Tilsynelatande er det svartkvitt-arven som slår inn her. Men berre tilsynelatande. Rett nok kan det synast urimeleg at fjerning av forstyrrande strå er forbode utan at det same gjeld endringar av lys og farge, men det ligg faktisk ein del erfaring og fornuft i formuleringane her, særleg i den første setninga. "Slik det var under opptaket" legg relativt klare føringar for fotografen si bearbeiding av biletet, og idealet er minst mogleg manipulering. Det er bra. Samtidig gir formuleringa rom for nødvendige justeringar av biletet. Det er nemleg ikkje sikkert at raw-fila gir fasiten for korleis motivet arta seg under opptaket!

Raw-fila seier ikkje alltid korleis det var
For at raw-fila skal gjengi motivet nøyaktig slik det er, må det gjerast ein heil del innstillingar på kameraet før opptaket. Allereie i fabrikken er det gjort vurderingar av korleis bildebrikken skal handtere lys og fargar, og desse innstillingane kan du vere einig eller ueinig i. I tillegg kjem kvitbalansen, som mange har på auto og dermed kan gi bilete som ligg eit godt stykke unna realitetane. For ikkje å snakke om eksponeringa, som i høgda gir ei tilnærming til dei faktiske lystilhøva innanfor dei rammene teknikken tillet, og er langt unna den detaljoppløysinga augene gir.

Biletet under er frå ein fjelltur med eit relativt nytt kamera. Utgåva til venstre gjengir opptaket direkte frå raw-fila utan endringar, og er lyst, matt og dvaskt, utan dei fargane eg hugsa frå staden. Og heller ikkje med dei fargane eg hugsar frå kameraskjermen. Eg sjekkar stort sett alle bilete på skjermen etter opptak, mellom anna for å kontrollere at fargane blir rette. Og biletet på kameraskjermen hade vore upåklageleg. Skuffa over resultatet på PC-skjermen fann eg fram kameraet, sette minnekortet på plass og leita fram det same biletet. Og joda, på kameraskjermen kom haustfargane fram slik dei hadde vore, med langt meir "smell" enn på PC-skjermen. Av ein eller annan grunn blei ikkje biletet vist på kameraskjermen slik det blei lagra på minnekortet. Ved å justere biletet på PCen slik at det likna mest mogleg det på kameraskjermen, blei resultatet som til høgre. Kontrasten er auka eitt steg, og fargemetninga sett til +15 i Olympus Viewer.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Da eg litt seinare tok bilete av ein solnedgang, var eg merksam på problemstillinga og passa på å ta bileta slik at det som viste på kameraskjermen etter opptak var så likt som mogleg det eg hadde tatt bilete av. Tilbake ved PCen samanlikna eg bileta på kameraskjermen med dei same bileta på PCen, og resultatet var som før: Lyst, matt og dvaskt. PC-biletet blei "kalibrert inn" slik at det likna mest mogleg biletet på kameraskjermen. Det betød fargemetning +15, eksponering -0,2 EV og kvitbalanse 5325 K, og eit resultat som til høgre:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Eg har tidlegare lest framlegg om (og har muligens foreslått det sjølv også) at i fotokonkurransar bør raw-fila sendast med, dersom det er eit mål å unngå bildemanipulatoriske eksessar. Men som ein vil forstå av ovanståande, kan ein ikkje basere seg berre på raw-fila. Fasiten ligg ikkje der, i alle fall ikkje dersom poenget er å gjenskape motivet "slik det var under opptaket".

Reglane til Natur & Foto sin Nordic Nature Photo Contest er med andre ord bra gjennomtenkt og formulerte når det gjeld dei trinnlaust justerbare bildevariablane. Men ein kan alltids diskutere om det er rimeleg at retusjering ikkje skal behandlast på same måte, dvs. at litt er lov, men innanfor rimelege grenser. Eg er ikkje noko konkurransemenneske, men om eg skulle driste meg frampå med eit forslag til retningslinjer, trur eg at eg ville føreslå relativt enkelt og greit at Bileta må bli gjengitt mest mogleg naturtru, slik motivet var under opptaket. Endringar i bildefila er tillate berre så langt innhaldet og essensen i biletet ikkje blir vesentleg endra. Raw-fila må følgje med som dokumentasjon, og vil vere juryen sitt grunnlag for å vurdere om reglane er følgd. Personar som ikkje fotograferer i raw-format vil få eit problem her, men dei er forhåpentleg ikkje mange (?).

Merking av bearbeida bilete
Så langt konkurransar, som vel eigentleg ikkje er så viktige når temaet er bildemanipulering. Den store mengda bearbeida bilete er jo dei vi ser til dagleg, og i den grad ein meiner det er nødvendig å kunne skille ekte vare frå justerte produkt, er merking av bileta ei løysing. Slik merking har jo blitt praktisert for fotografering av dyr under kontrollerte tilhøve i mange tiår allereie. Men heilt enkelt er det likevel ikkje. Skal til dømes bilete som er justert tilbake til det objektive utgangspunktet, som i døma ovanfor, merkast med "bearbeida" eller "manipulert"? Desse orda er negativt lada, og særleg det siste vil få sjåaren til å lure på kva som faktisk er endra i høve til motivet. Svaret er ingenting, mens sjåaren vil tenke både det eine og det andre. Merkinga vil slik sett virke villeiande. Ideelt sett burde derfor slike bilete ikkje merkast, men i så fall er det vel ein viss fare for at svært mange - med varierande grad av subjektivitet og nøyaktigheit - vil hevde at "biletet er justert for å gjenskape det reelle motivet"...

Samtidig er det etter mitt syn ikkje rett å berre krevje merking av retusjerte bilete, mens anna manipulering kan passere unotert slik praksis ser ut til å vere i dag. Kanskje kan løysinga bli eit system med gradert merking av både retusjerte bilete og bilete med trinnlaus korrigering? For at ikkje dette skal bli for komplisert, held det kanskje med to eller tre klasser i kvar gruppe:

Retusjerte bilete: R1) Ubetydeleg fjerning av forstyrrande element. R2) Omfattande fjerning av forstyrrande element. R3) Nye element tilført biletet.
(fjerning av støv/støy: ingen merking)

Trinnlaust korrigerte bilete: T1) Justert til naturleg utgangspunkt. T2) Korrigert ut over naturleg utgangspunkt. T3) Kunstnerisk bearbeida.

Her er det absolutt rom for vurderingar, men om nødvendig vil jo raw-fila vere eit utgangspunkt for å "kalibrere inn" desse vurderingane. Om eg skal forsøke meg på ei klassifisering av dei biletpara som er vist i denne teksten, vil det bli noko slikt:

Augestikkar: R1.  Sidensvans: R1/R2.  Quetzal: R2/R3+T1.  Fjelltur: T1.  Solnedgang: T1

Kanskje kan dette vere til inspirasjon for den eller dei som eventuelt set seg ned for å lage retningslinjer for manipulering av naturbilete. Eg ønskjer i alle fall lukke til!

Theme by Danetsoft and Danang Probo Sayekti inspired by Maksimer