Til krig mot naturen

8.9.2012

Senterpartiet mister veljarane sine til Framstegspartiet, og er no under sperregrensa for representasjon på Stortinget. Programkomiteen i Sp har derfor jobba med å utarbeide eit nytt partiprogram som kan lokke veljarane tilbake, og det ser ut til at taktikken er å overgå Framstegspartiet når det gjeld miljøpolitikken. Senterpartiet har allereie markert seg i så måte med ein olje- og energiminister som meiner det er uproblematisk med oljeboring i Arktis, og ved å definere "bærekraftig skogbruk" som skogbruk der hogsten ikkje er større enn tilveksten. For å toppe dette, føreslår no programkomiteen i senterpartiet at det skal bli fri jakt på ulv i Noreg.

Leiaren i programkomiteen er landbruksminister Trygve Slagsvold Vedum. Han meiner ifølgje oppslag i Nationen og NRK at ulven i Norge kan utryddast fordi det ikkje finst ein "særeigen norsk-svensk ulvestamme". Argumentet er at ulven sannsynlegvis har vore utrydda i Noreg på 60-talet, og at den derfor ikkje er ein norsk art lenger. - Da meiner eg vi skal behandle ulv på same måte som villsvin og mårhund, skal Vedum ha sagt til NRK.

Det kan vere vanskeleg å sjå logikken i dette, så eg saksar meir frå Nationen:

"Tal frå Rovdata tilseier at det er i underkant av 30 ulveindivid i Noreg. (...) Den såkalla svensk-norske ulvestamma er prega av innavl. Når det i Sverige blir vurdert å setje ut ulvar frå dyrehagar for å tilføre ulvane nytt genmateriale, syner det at stamma ikkje er levedyktig, seier Vedum. - Konfliktane mellom ulv på den eine sida, og lokalbefolkning, beitenæring og friluftsliv på den andre sida, er så store at ein må ta eit val. Då er det betre å ikkje innføre ei stamme av finsk-russisk ulv i Noreg, som har store innavlsproblem og på sikt ikkje er genetisk levedyktig, seier Vedum. Sp-politikaren seier det kostar samfunnet mykje pengar å sørgje for dei rundt 30 ulvane som lev i Noreg. - Desse pengane kan brukast på ein betre måte i miljø- og naturforvaltninga. Til dømes kan det setjast inn ekstra ressursar på å berge den norske fjellreven, seier Vedum. Han seier ulvespørsmålet hadde stilt seg annleis om det hadde vore ein eigen norsk-svensk ulvestamme. - Då hadde det hatt ein verdi i seg sjølv å ta vare på ei ulvestamme, slik Noreg tek vare på andre utryddingstrua dyreartar, seier Vedum."

Oppsummert blir vel dette om lag noko slikt som at vi klarte nesten å utrydde ulven i Noreg på 60-talet, og derfor bør den utryddast.

Uavhengig av om ein synest dette er eit godt argument, er det grunn til å sjå nærare på premissane bak forslaget om å fjerne ulven frå den norske faunaen:

1. Det finst ikkje ein særeigen norsk-svensk ulvestamme: Det er eit definisjonsspørsmål kva ein vil kalle ein "ulvestamme", men i det store og heile er påstanden rett - skjønt ikkje på den måten Sp ser føre seg. Ulven er ein art som kan leggje ut på lange vandringar, og avstander på over 1000 km er kjent både frå Nord-Amerika og Nord-Europa. Det er ingen grunn til å tvile på at det gjennom heile ulven si historie frå innvandringa etter istida og fram til no har vore kontakt mellom ulv i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Ei ulvetispe fødd og radiomerka i Hedmark vandra til dømes 1100 km til Nord-Finland. Dette betyr at det ikkje er noko eineståande at det kjem ulv frå den finske eller russiske delen av ulven sitt utbreiingsområde til Noreg; det viser også at vandringa kan gå den andre vegen. Alt i alt er det biologisk lite relevant å skilje ein norsk eller norsk-svensk ulvestamme frå resten av ulven sitt historisk samanhengande utbreiingsområde i nord. Dyr på vandring vil (dersom vi ikkje aktivt hindrar det) relativt raskt etablere seg i dei delane av utbreiingsområdet der talet på dyr av ulike årsakar er redusert. Slik er det med dei fleste artar som har eit minimum av spreiingsevne, det skjer stadig utveksling av genar utan omsyn til menneska sine kunstige landegrenser. Dersom kvart land skulle definere sine eigne sett med "nasjonale artar" ut frå eit kriterium om at dei ikkje skal vere i kontakt med artsfeller utanfor landegrensene, ville svært mange artar falle frå (t.d. vil fjellreven etter Sp sin argumentasjon ikkje vere ein norsk art). Utgangspunktet for forvalting av artar i Noreg må derfor vere om dei er ein naturleg del av den norske faunaen.

2. Ulven må behandlast på same måte som mårhund og villsvin: Mårhund er ein østasiatisk art som blei sett ut for jaktføremål i det vestlege Russland, og seinare har spreidd seg til Skandinavia. Arten har aldri vore ein naturleg del av norsk fauna. Villsvinet stiller i ein litt anna kategori, ettersom det har ei forhistorie i Noreg. Men det døydde ut allereie i steinalderen, truleg som følgje av at det ikke var tilpassa det kjølegare klimaet ein fekk då. Ulven har derimot vore ein naturleg del av norsk fauna heilt sidan dei første ulvane følgde reinflokkane inn i landet etter istida. Påstanden må med andre ord klassifiserast som biologisk nonsens. Senterpartiet viser derfor, som eit ekstra argument, til at ulven "blei utrydda i Noreg på 60-talet". Dette er ein påstand som ikkje kan underbyggast med fakta, men om det stemmer at ulven var borte i nokre år eller ikkje er elles lite relevant. Noreg har heile tida vore ein del av arten sitt faktiske og praktiske utbreiingsområde - som vist gjennom den naturlege førekomsten av streifdyr fram til ny, fast etablering og yngling blei påvist.

3. Ulvestammen er liten og prega av innavl, og er ikkje levedyktig: Dette er rett. Men det er ikkje eit argument for å utrydde ein art.  Det er elles berre ulovleg jakt som hindrar ulven i å få ein levedyktig bestand i Noreg. Det kritiske punktet er forbindelseslinjene til resten av utbreiingsområdet. Registrerte vandringar av radiomerkte dyr tyder på at påfyll av nytt genetisk materiale ville fungere heilt greitt dersom den ulovlege avskytinga av ulv i tamreinområda i det nordlege Finland, Sverige og Norge tok slutt.

4. Det er store konfliktar mellom ulv og lokalbefolkning, beitenæring og friluftsliv: For beitenæringa er nok dette rett, men konflikten er i stor grad basert på følelsar og mangelfull kunnskap, og i mindre grad på realitetar. 90% av sauane som forsvinn på utmarksbeite (fleire titusen individ) døyr av heilt andre grunnar enn rovdyr. Det er heller ikkje eit eintydig negativt syn på ulven hos "lokalbefolkninga" i områda der ulven i dag har tilhald, og for mange utøvarar av friluftsliv er det fråveret av ulv i naturen som er problemet, ikkje det motsette.

Dei tre første av desse fire punkta dreier seg om biologi, det siste om politikk, og det er ikkje overraskande at senterpartiet sin programkomite har mindre greie på det første enn det siste. Ulven i Noreg utvekslar arvematerial med ulvar i alle nabolanda våre, og det er ingen grunn til å tru anna enn at dette alltid har skjedd. Senterpartiet meiner at Noreg ikkje har noko ansvar for ulven dersom det ikkje finst ein eigen, norsk-svensk ulvestamme, og ser ut til å definere ein slik stamme som ein som ikkje er i kontakt med ulvar frå andre land. Dette er ein umogleg føresetnad, og ein kunne like gjerne seie at Noreg ikkje har ansvar for havørna fordi individ av arten regelmessig streifar innanfor eit område som omfattar både Noreg, Sverige, Finland og Russland.

Det sentrale poenget må vel vere at ulven er ein norsk art, naturleg heimehøyrande i norsk fauna sidan kort etter siste istid.

Som nemnt over meiner landbruksministeren at ulvespørsmålet hadde stilt seg annleis "om det hadde vore ein eigen norsk-svensk ulvestamme, og at det da hadde hatt ein verdi i seg sjølv å ta vare på ei ulvestamme, slik Noreg tek vare på andre utryddingstrua dyreartar". Anten meiner ministeren det han seier, fordi han ikkje veit meir om biologi, eller så veit han at utsegna er berre tull, og utspelet om fri ulvejakt kokar ned til populistisk næringspolitikk for å lokke veljarar til Senterpartiet. Ingen av delane burde førekome i eit seriøst arbeidande departement.

 

Tilbake 

Theme by Danetsoft and Danang Probo Sayekti inspired by Maksimer